STEINHOLA

Like ved resepsjonen på Melkevoll Bretun ligg ei stor steinur. Under nokre kjempeblokker er det frå naturen si side skapt eit stort rom som etter kvart har fått namnet "Steinhola". Vinteren 2001 vart det utført eit omfattande arbeid inne i hola slik at den i dag har over 50 sitjeplassar og omlag 15 overnattingsplassar.

Overnatting og servering

I Steinalderhola er det duka for mange ulik arrangement. Med fyr på bålet, reinsskinn på benkane og levande lys i veggane er dette staden for dei som vil oppleve ein spesiell firmatur, familieselskap eller vennefest. Du kan nyte medbrakt mat eller nytte catering med spennande rettar frå t.d. Norsk Gardsmat Aabrekk Gard, Briksdalsbre fjellstove eller Smak Stryn. For å spisse opplevinga kan ein og bestille guiding der ein får fortalt historia om Steinalderhola og den spesielle naturen kring.

Steinhola

Der har vore mange vellukka arrangement i Steinalderhola sidan vi opna i 2001. Frå kundelista kan vi nemne: Hansa Borg Bryggeri, Bergesen , Rolls Royce, Innvik Ullvare, Bolset Glass, Sparebanken Møre, Goldman Sachs, gebursdagar, bryllaupsdagar, bryllaup, utdrikningslag,
vennefestar, bryllaup, russiske oligarkar, …

Hola fortel si eiga historie 

Ein 800 ton tung stein dannar tak over hola. To andre store steinar utgjer det meste av veggane inne. Mellom dei store steinane er det mura veggar og trapper etter kopi frå ein steinalderbustad. I midten er det stor bålplass.
Under arbeidet inne i hola kom det for dagen ein del trerestar. Etter samråd med professor Atle Nesje, Universitetet i Bergen, vart ei prøve send til analyse ved eit laboratorium i USA. Det viste seg at treet var 5.940 år gammalt! Dette fortel oss at den store steinurda raste ut for omlag 6.000 år sidan. Tre og busker som vaks i fjellsida, vart rivne med i raset og har lege tørt i Steinalderhola sidan.

Ta gjerne kontakt med oss for bestilling av ovenatting eller arrangement!