FJELLTURAR
& opplevingar nær oss

Oldedalen er kalla Norges mest eventyrlege vandredal, - ikkje utan grunn!
Med Melkevoll Bretun som base kan du oppleve mange flotte fjell-og breturar. Under har vi beskrive nokre av turane omkring her.

På sida Sauna & aktivitetar kan du lese meir om kva du kan gjere på sjølve Bretunet.

FAMILIEVENLEGE FJELL- OG BRETURAR

Briksdalsbreen og Brenndalsbreen er familievennlege dagsturar. Begge turane har startpunkt frå Melkevoll Bretun; det er 10 minutt å gå til Aabrekk gard der turen til Brenndalsbreen startar.

BRIKSDALSBREEN

(130 - 350 m.o.h., 2 timar tur-retur)

50 minutt å gå frå Melkevoll Bretun. Briksdalsbreen er ein av Norges mest besøkte naturattraksjonar. Her finn du stor suvenirbutikk med godt utval, restaurant, og mogelegheit for transport med open bil. Turen går gjennom eit frodig landskap der synet av fossar og brear kan ta pusten frå ein. Vegen er lett å gå fordi bøndene i Oldedalen for meir enn 120 år sidan starta arbeidet med å byggje murar og bruer slik at turistane lett kom fram. Til slutt kryssar du grensa til Jostedalsbreen Nasjonalpark og du kjem til Briksdalsbrevatnet der små isfjell sakte sig mot elveosen. Frå enden av vatnet strekkjer Briksdalsbreen seg oppetter fjellsida like til breplatået om lag 1.500 høgdemeter lenger oppe

Brenndalsbreen (85-300 m.o.h totalt 3-4 timar)

Ein av våre favorittar!
1,5 km frå Melkevoll Bretun ligg Åbrekk gard på høgre side. Her er parkering og utgangspunktet for turen mot Brenndalen og Brenndalsbreen  Første delen av turen går på skogsveg, som startar med ei oppstiging og som flatar ut på toppen. Brenndalen er ein såkalla hengande sidedal med bratte fjellsider. Dalen gjev ei sterk naturoppleving av bre, elvar, fjell og fossar. Dette er ein lett tur i idylliske og stille omgjevnadar og passar godt både for små og store. 

LITT BRATTARE TURAR - SÆTRER

Her er flotte kortare fjellturer til sætrar omkring i dalen; mest kjend er Yrisætra med startpunkt frå Yrineset/ Yri Outdoor.
Frå Kvame kan ein gå på den noko brattare Kvamsætra.
Med startpunkt frå Gryta camping kan du går til Gytridalen; spør i resepsjonen der for informasjon.
Spør etter turkart når du sjekker inn i resepsjonen på Melkevoll Bretun. Her vert dei ulike turane forklart.
Bildene under er frå Kvamsætra.

FJELLTURAR & TOPPTURAR

Melkevoll Bretun er utgongspunkt for ei rekke flotte toppturer og fjellturer for dei litt meir erfarne fjellvandrere. Herfrå kan du starte turen til Kattanakken og Oldeskaret, eller den lange turen over fjellet til Stardalen.
Nært unna er også startpunkt for turer som til Flatsteinbu; - startpunkt Kvame,
Klovane; startpunkt Oldevatn Camping.

OLDESKARET  (ca. 1100 m.o.h totalt 4-5 timar) 

Denne turen har blitt kalla “Norges vakraste oppoverbakke!” - Aftenposten;

Startpunktet for denne turen er like ved Melkevoll Bretun´s resepsjonsbygning. Du fortset over brua innover mot dei store hyttene, og fortset innover skogen der du kan følge den merka stien. Etter omtrent 30 minutt kjem du til eit litt brattare område. Stien er god og opprusta av profesjonelle sherpa, som bygde steintrapp og sikra dei mest utfordrande områda.
Følg stien og etter ei stund vil du kome opp i eit område med spektakulær utsikt mot Briksdalsbreen og utover Oldedalen.
Når du passerer “Gløvre”, ei stor glipe i fjellet som er ein opplevelse i seg sjølv, så byrjar du og nærme deg Oldeskaret. Ein fortset vidare oppover, og vil etterkvert kome i litt mindre bratte område. Når ein er i sjølve Oldeskaret kjem ein til ei bru og eit vatn, før ein passerer steinhytta “Jarbu” og innover mot Storevatnet.
Ein kan fortsette over fjellet mot Høyset og Stardalen. Då treng ein å ha nokon som hentar ein med bil. Eller så er det berre å returnere same vegen tilbake til Melkevoll Bretun, noko som er litt vel langt for ein dagstur.
Om du fortset til Stardalen, passerer du det andre vatnet Storevatnet, Haugabreen, og går mot Hugastølen. (Ein 5-6 timars tur ein veg).

KATTANAKKEN (130- 1450 m.o.h., totalt 5-8 hours)

UNADJUSTEDNONRAW_thumb_3ddd.jpg

Ein spektakulær fjelltur for den fjellvande!
Du følgjer vegen til Briksdalsbreen og tek av til høgre like over Briksdalsfossen. Første del av turen går i relativt lett terreng til du kjem til Sauskårholten, der du har utsikt utover mot Oldedalen og Briksdalen. Dette er eit fint utsiktspunkt.
Om du er lite fjellvand eller har høgdeskrekk, bør du nok snu her. Turen vidare opp egga er svært luftig, men likevel grei å gå.
Frå toppen har du utsikt innover breplatået til Jostedalsbreen og alle fjella som omkransar Oldedalen.

FLATSTEINBU (30 - 1400 m.o.h., totalt 5-6 timar)

Turen starter ved parkeringsplassen på Kvame. Etter ca. 1 time kjem ein til Kvamssetra før turen går vidare gjennom Kvamsdalen og opp til brekanten. Her ligg den sjølvbetjente hytta Flatsteinbu.
Med brefører kan ein herfrå lett kome opp på sjølve breplatået og det er relativt kort veg til Høgste Breakulen og vidare til Jostedalen.
Foto: Amalie Kvamme

Kano på Oldevatnet med Yri Outdoor

Kano på Oldevatnet med Yri Outdoor

KANO & KAJAKK PÅ OLDEVATNET

på Yrineset med Yri Outdoor

Yrineset har blitt ein populær “hang out” der du i hovedsesongen kan gå på kafe, og nyte utsikta over det vakre Oldevatnet.
Her kan du også leige kano eller kajakk, og padle rundt på den irrgrøne Oldevatnet med utsikt mot Melkevollsbreen, og fossar og fjell på alle kanter.

Startpunkt for turen til Yrisætra er også her.

Lokala på Yrineset blir ellers brukt mykje til bryllup og andre store feiringer.

Briksdal Adventure tilbyr også kajakk-og kanoturer, samt andre aktivitetar.


DagsturAr / UTFLUKTER

Frå Melkevoll Bretun kan ein ta dagsturer til attraksjoner som Singerheimen i Olden.
Vi er å finne 30 minutt frå Loen og Lodalen, med Hotel Alexandra, Via Ferrata og Loen Skylift.
Stryn og klatreparken Hydlaparken ligg 40 minutt køyretur frå Melkevoll Bretun. Strynefjellet, sommerski, og gamle Strynefjellsvegen er ikkje langt unna.
Ein kan ta dagsturer til destinasjoner som Geiranger, Trollstigen, eller ut mot kysten til Refviksanden, Stadt og Vestkapp. Hoddevika er to timer køyretur unna.
På sidene til Visit Nordfjord finn du mykje informasjon om attraksjoner og destrinasjoner i Nordfjord;

ATTRAKSJONAR I LOEN OG LODALEN

Loen er omkring 25 minutt køyretur frå Melkevoll Bretun.
Her er det fleire ulike aktivitetstilbod, som Loen Skylift med Hoven restaurant og turløyper, Hotel Alexandra med resturant og spa, her er Via Ferrata og anna. Vidare mot Lodalen er startpunktet for den kjende fjellturen til Skålatårnet. Vidare køyrer ein forbi det vakre og instagram- verdskjende Lodalsvatnet. Inst i Lodalen finn du Kjenndalsbren.
Dette er eit område som er vel verdt å besøke!

SKÅLATÅRNET (1848 m.o.h) in LOEN (totalt 5-6 timar) 

For den erfarne turgåer er denne turen obligatorisk. Berre ein halvtime frå Bretunet kan du finne startpunktet til denne turen.

VIA FERRATA LOEN

For dei som er interessert i spektakulær utsikt og klatring, så kan Via Ferrata i Loen vere aktuelt;
Les meir på Loen Aktiv si side:

HOVEN - LOEN SKYLIFT, til fjellområde 1100 m.o.h  

I May 2017 opna ein ny attraksjon i Nordfjord. Ei spektakulær taubane, Loen Skylift, går opp til fjellområdet Hoven som ligg på 1100 meter. Her har du utsikt over heile Nordfjord og heilt inn mot Melkevollsbreen og fjella i Oldedalen også. På toppen finn du Hoven resturant med fantastisk utsikt, god mat og startpunkt for fleire turløyper.