BLÅFJELLSHALLEN

For meir enn 6000 år sidan gjekk eit stort steinras i dalsida frå Blåfjellet inst i Oldedalen. Store steinar vart liggande att i fjellsida og utgjer i dag ei steinur. Denne steinura rammer inn Melkevoll Bretun der vi har hytter og camping kvar sommarsesong.

På eit av utsiktspunkta, inntil ein av dei største steinane i ura, har Inge Melkevoll skapt denne spesielle bygningen “Blåfjellshallen” laga av stein, tre og glas. Her er utsikt til isbrear, fjell og det store fossefallet Vollfossen. Blåfjellshallen - Blue Mountain Hall på engelsk, er bygd i pakt med naturen og områda omkring.

 
41816489_1821102944604316_5354353303482269696_n.jpg
JMN-180908-DSC06365.jpg
JMN-180906-DSC06126.jpg
JMN-180906-DSC06149.jpg