SAUNA

& andre aktivitetar på Melkevoll Bretun

I tillegg til å vere startpunkt for fjellturar som Briksdalsbreen, Oldeskaret og Kattanakken, så er det fleire aktivitetar og opplevelsar på Melkevoll Bretun også. Her kan du lese om kva du kan oppleve på sjølve Bretunet, som sauna, klatring, yoga i den unike Blåfjellshallen, Utelada og natursti. På sida fjellturar kan du lese beskrivelsar av turer og utflukter i nærleiken.

  • SAUNA OG ISBAD

    Kvar kveld i hovedsesongen Juni - August, er vår nye sauna varm på kveldstid. Denne er tilgjengelig for gjester på Melkevoll Bretun, og ein melder seg på i resepsjonen. Kva er vel herligare enn å ta sauna etter ein fjelltur, og kanskje eit kaldt dupp i breelv-kulpen utanfor? Sauna tilbodet er svært populært blant våre gjester.

  • KLATRING OG BULDRING

    Omkring Bretunet ligg det store steiner som er laga til for buldring; - klatring på store steinar. Du kan låne buldrefører i resepsjonen, og leige crash pad (landingsmatte) her. Du må ha med eigne klatresko. På lenka under kan du finne meir detaljert informasjon om buldreområdet.

 
  • YOGA


    I Blåfjellshallen har vi yogaklasser kvar veke i hovedsesongen. Her kan du også melde deg på i resepsjonen eller via heimesida. Yogatimane er lagt opp slik at både nybegynnere og erfarne kan delta. Blåfjellshallen er bygd mellom store steiner, og med vindu der du har utsikt til isbreer, fosser og fjell. Du finn meir info og tidspunkt for yogaklassane her.

 
  • NATUR & KULTURSTI - “INFORAMA-STIEN”

    Omkring Bretunet finn vi natur- og kulturstien “Inforama-stien”. Det er lage til stier og veger omkring i steinura og rundt campingen, der du kan lese om ulike naturfenomen som vi finn i landskapet her. Ein kan og lese om historie frå områda her. Stien tek omkring 20 til 45 minutt å gå. Under det store vatnfallet Volefossen som ligg over Melkevoll Bretun, kan du gå opp på utsiktspunktet der du får utsikt mot Briksdalsbreen og Oldevatnet.

 
  • UTELADA

    Kjøkkenet på Melkevoll Bretun ligg i huset “Utelada”. Dette er eit bygg i gammaldags stil, og med utsikt mot fosser og breer. Her finn ein både ei grue til bål, og grillplasser som gjester på Bretunet kan bruke. Utelada er eit populært samlingstad for måltid, og å sitte å kose seg omkring leirbålet om kveldet.

Utelada - an open house for our guests.