MELKEVOLL GARD - hus til leige

KUVxHlzRTySVxIGgD4xkCw_thumb_4413.jpg


På Melkevoll gard leiger vi ut eit nyrenovert hus. Dette ligg på Melkevoll gard 1,5 km frå Melkevoll Bretun. Her er terasse med nydeleg utsikt mot Melkevollsbreen og Volefossen, og er ei gongavstand til både Briksdalsbreen og like ved startpunket til Brenndalsbreen.


Kvitestova er blitt eit populært feriehus på Melkevoll gard.

“KVITESTOVA” - Heile huset til leige *****


Eksklusivt hus renovert i 2020.

Dette huset med to etasjer vart renovert i 2020. Her finn du eit topp moderne kjøken og bad, samt ei fin og lys stove med peis, sofakrok og spisebord.
Utanfor stova er der ein terasse med den beste utsikta mot breer, fjell og store fossefall i Oldedalen.
Huset litt omkring 15 minutt å gå frå startpunktet til turen opp til Briksdalsbreen. Våre gjester kan sjølvsagt parkere på Melkevoll Bretun som er 2 minutt unna, for å gå til denne kjende brearmen. Du er like ved startpunktet til turen til Brenndalsbreen, som er ein av dei vakraste turane i dalen.
Frisk luft, fuglesang og fossedur er ein del av opplevinga!

Huset har ein lang historie, ein unik atmosfære, og er topp moderne etter renovering i 2020.

Du har tilgong på heile huset som inneheld dette:
Stove med peis
Spisebord og sofakrok
Terasse med flott utsikt
Fri parkering
Moderne fullt utstyrt kjøken med oppvarkmaskin og anna
Moderne toalett med dusj, vaskemaskin og tørketrommel
Tv og Tv-hjørne
Gratis internet

Sidan dette er eit hus som er ein del av familiehistoria på garden, håper vi alle gjester les og fylgjer våre husregler.
Du kan booke via Airbnb eller kontakt oss.