Om oss
- historie

Frå venstre: Inge & Gro Melkevoll som har bygd Melkevoll Bretun slik vi kjenner det i dag.
Til høgre: Johanne & Frank Bjennmyr Melkevoll, som driv Melkevoll Bretun camping og kursverksemd her i dag.
Bildet er frå 2018, når Blåfjellshallen var ferdig bygd, og lille Alva var 9 månader på veg.

 
 

LITT AV Historia til Melkevoll Bretun

Melkevoll Bretun Camping er ein del av Melkevoll gard. Denne garden har eit areal på 8km2, der det meste er utmark og fjelllandskap, og 2/3 er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark. Familien har sine røter 400 år tilbake i tid i ei direkte linje. Så barna til oss som driv Melkevoll Bretun no, Johanne & Frank Melkevoll, er 16 generasjon her.

Eit tilbakeblikk:
Tidleg inviterte Johanna & Anders Melkevoll fjellvandrarar på middag og overnatting på Melkevoll, når dei kom ned etter kryssing av Jostedalbreen.
I 1971 grunnla dei Melkevoll Camping. Det var Johanna & Anders som eigde og dreiv garden Melkevoll på den tida. I tillegg til litt turisme på sommeren, var det geiter, sauner og andre dyr i fjøset, og hesteskyss til Briksdalsbreen som var næringsvegen.

Melkevoll gard

Seinare tok deira son, Inge Melkevoll over, og utvida området med fleire terassar for camping. Inge Melkevoll hadde starta opp som maskinentrepenør i tillegg til å vere gardbrukar. Dette gjorde at han saman med kona Gro Melkevoll kunne satse endå meir på å utvide og utvikle Melkevoll camping.
Då alt bestod av steinur, skog og stort sett ganske uframkomeleg utmark, så er det mykje hardt arbeid som ligg bak for å forme Bretunet til det vi ser i dag.
Intensjonen med arbeidet har alltid vore å skape alt i harmoni og samklang med den spesielle naturen rundt:
I 1990 var dei store hyttene 1, 2 og 3 bygd.

Frå 1990 satsa Inge og Gro Melkevoll på utviding av Melkevoll camping, og dei store feriehyttene vart bygd.


I 1995 vart resepsjonsbygningen bygd. Kaféområdet med glashus vart lagt til i 2000.
Då vart også “Utelada”, ein liten lovebygning sett opp i gamaldags stil, med kjøkken og bålplass sett opp.
I 2001 vart Steinhula laga.
I 2010 vart hytte 4 bygd.
I 2011 vart den store stien “Inforama” og utsiktspunktet bygd.
I 2018 vart Blåfjellshallen bygd.
I 2020 vart “Kvitestova” på garden Melkevoll sett i stand til å kunne ha gjester.

På seint 90-tal og tidleg 2000, var det også breføring og breførerlaget Olden Aktiv hadde base på campingen, og det var desse som skapte buldrefelta omkring på Melkevoll Bretun.
Føringa på isbreen tok slutt same tid som hestetransporten i Briksdal; i 2003.

Blåfjellshallen vart bygd i 2018

Rett før neste generasjon tok over drifta av Melkevoll Bretun, vart Blåfjellshallen sett opp av Inge Melkevoll, og dei to brødrene Wasilewski i 2018.
I 2020 tok Johanne & Frank Bjennmyr Melkevoll over drifta av Melkevoll Bretun. Vi har også lagt til kursverksemd i Blåfjellshallen, i tillegg til å ta imot reisande på Bretunet. Våre barn, Alva & Isak, er 16.generasjon på Melkevoll.

Melkevoll Bretun er ei familiedriven bedrift, og heile Bretunet ligg på familiegården Melkevoll.
Alle våre gjester stig inn på privat grunn med lang historie, og djupe røter og tradisjonar når de besøker oss.
Vi håper alle får gode opplevingar, og tek vare på området og naturen som er her når de er på besøk!

VARMT VELKOMMEN!

Johanne & Frank Bjennmyr Melkevoll

Melkevoll gard har lange tradisjonar, her frå 1868.