Briksdalsbreen

Den næraste naboen til Melkevoll Bretun er Briksdalsbreen.
Det er berre fem minutt å gå til Briksdal Fjellstove, der ein finn resturant, souvenirbutikk, startpunkt for breskyss og vandretur til den verdskjende Briksdalsbreen.

 
 

BRIKSDALSBREEN

(130 - 350 m.o.h., 2 timar tur-retur)

50 minutt å gå frå Melkevoll Bretun. Briksdalsbreen er ein av Norges mest besøkte naturattraksjonar. Her finn du stor suvenirbutikk med godt utval, restaurant, og mogelegheit for transport med open bil. Turen går gjennom eit frodig landskap der synet av fossar og brear kan ta pusten frå ein. Vegen er lett å gå fordi bøndene i Oldedalen for meir enn 120 år sidan starta arbeidet med å byggje murar og bruer slik at turistane lett kom fram. Til slutt kryssar du grensa til Jostedalsbreen Nasjonalpark og du kjem til Briksdalsbrevatnet der små isfjell sakte sig mot elveosen. Frå enden av vatnet strekkjer Briksdalsbreen seg oppetter fjellsida like til breplatået om lag 1.500 høgdemeter lenger oppe.