CONTACT US 

We offer personal service for booking of cabins and apartments. Campers are welcome to attend and choose place.

Welcome!

 

 

briksdalsbreen5Mini.jpg
           

123 Street Avenue, City Town, 99999

(123) 555-6789

email@address.com

 

You can set your address, phone number, email and site description in the settings tab.
Link to read me page with more information.

428841_10151955374420093_1757072939_n.jpg

OPPLEVINGAR

Opplevingar

FJELLTURAR   BRETURAR  YOGA   KLATRING  UTFLUKTER

Bretunet er utgongspunkt for mange flotte både korte og lange fjell-og breturar. Klatring, sykkelleige og båttur på det grøne isbrevatnet nokre av dei opplevingane nærområdet har å tilby. Her finn de beskrivelsar av noko av det du kan oppleve omkring her. 

Briksdalsbreen

BRIKSDALSBREEN (130 - 350 m.o.h., 2 timar tur-retur)

  • 50 minutt å gå frå Melkevoll Bretun. 

Briksdalsbreen er ein av Norges mest besøkte naturattraksjonar. Her finn du stor suvenirbutikk med godt utval, restaurant, og mogelegheit for transport med open bil. Turen går gjennom eit frodig landskap der synet av fossar og brear kan ta pusten frå ein. Vegen er lett å gå fordi bøndene i Oldedalen for meir enn 120 år sidan starta arbeidet med å byggje murar og bruer slik at turistane lett kom fram. Til slutt kryssar du grensa til Jostedalsbreen Nasjonalpark og du kjem til Briksdalsbrevatnet der små isfjell sakte sig mot elveosen. Frå enden av vatnet strekkjer Briksdalsbreen seg oppetter fjellsida like til breplatået om lag 1.500 høgdemeter lenger oppe.

For informasjon transport med open bil, Trollbil besøk sida til Oldedalen skyss her

BRENNDALSBREEN (85 - 300 m.o.h., 3-4 timar tur-retur)

1,5 km frå Melkevoll Bretun ligg Åbrekk gard på høgre side. Her er parkering og utgangspunktet for turen mot Brenndalen og Brenndalsbreen  Første delen av turen går på skogsveg, som startar med ei oppstiging og som flatar ut på toppen. Brenndalen er ein såkalla hengande sidedal med bratte fjellsider. Dalen gjev ei sterk naturoppleving av bre, elvar, fjell og fossar. Dette er ein lett tur i idylliske og stille omgjevnadar og passar godt både for små og store. 

KATTANAKKEN (130- 1450 m.o.h, 5-8 timar tur-retur) 

Du følgjer vegen til Briksdalsbreen og tek av til høgre like over Briksdalsfossen. Første del av turen går i relativt lett terreng til du kjem til Sauskårholten. Dette er eit fint utsiktspunkt. Om du er lite fjellvand eller har høgdeskrekk, bør du nok snu her. Turen vidare opp egga er svært luftig, men likevel grei å gå. Ein tur for fjellvande. 

OLDESKARET  (ca. 1100 m.o.h. 4-5 timar tur-retur) 

Startpunkt for denne turen er ved Melkevoll Bretun sitt resepsjonsbygg. Herfrå går du vidare forbi dei store hyttene og fylgjer den merka stien. Etterkvert er denne turen bratt, men det er ein god sti som har blitt utbetra med flotte steintrapper av sherpa frå Nepal. Gjennom det meste av turen har ein fin utsikt til Briksdalsbreen. Ein går gjennom fjellsprekka "Gløvret" før ein kjem opp i sjølve dalføret "Oldeskaret" som leier over til Høyset i Stardalen. Kring høgste punkt er der tre mindre og eitt større fjellvatn. Du er no i "skaret" der desse breane er smelta frå kvarandre. 

For dei som vil vidare til Stardalen, går turen i lett terreng forbi Storevatnet, Haugabreen og Haugastølen (5-6 timar).

YOGA OG FJELL RETREAT 

YOGAKLASSER FOR ALLE
Dei siste sommarane har det vore arrangert kurs i Yoga på Hemsen på Melkevoll Bretun. Med fossedur, naturen og den friske lufta her legg forholda svært godt til rette for å utforske og lære yoga. Yogateknikkane er flotte verktøy for å utvikle god helse, stille sinnet og avspenning.

YOGA og FJELL RETREAT
Gjennom sommaren har vi tilbod om ulike Yoga og Fjell retreat på Melkevoll Bretun. Les meir om tilboda til Maitri Nature Yoga her. 

BULDRING OG KLATRING

Det har utvikla seg eit aktivt klatremiljø i indre Nordfjord. På Melkevoll Bretun er det eit større buldrefelt, og mellom Loen og Stryn finn ein sportsklatrefeltet "Beachen".

Ordet buldring kjem frå det engelske ordet "boulder" som tyder stor stein. Buldring er klatring på slike steinar. Poenget er å ta seg opp på disse steinane langs ulike ruter. Ein treng klatresko for å buldre. Det er og greitt å legge ei madrass (crash pad) på bakken under den ruta du skal opp.

 I dag er det rundt 60 buldreproblem på Melkevoll Bretun og alle er merka med nummer og gradert etter vanskegrad. Steinane ligg lett tilgjengeleg med gode landingar. I resepsjonen kan du leige klatresko og crash pad.

Det er fleire gode sportsklatrefelt i Indre Nordfjord. Sportklatre-cragget "Beachen" som ligg ved Rake mellom Loen og Stryn, ein 30 minutters biltur frå Melkevoll Bretun. Her er klatreruter på "Bølgen" og på "Beachen" som er gradert frå 4+ til 8+/9. Altså litt for eit kvart nivå!

Stryn Klatreklubb og info om Beachen. 

FLATSTEINBU (30 - 1.400 m.o.h., 5-6 timar)

Turen starter ved parkeringsplassen på Kvamme. Etter ca. 1 time kjem ein til Kvamssetra før turen går vidare gjennom Kvamsdalen og opp til brekanten. Her ligg den sjølvbetjente hytta Flatsteinbu. Med fører kan ein herfrå lett kome opp på sjølve breplatået og det er relativt kort veg til Høgste Breakulen og vidare til Jostedalen.

SKÅLATÅRNET (1848.m.o.h) i LOEN

Det er mange fine fjellturar i vårt nærområde. Vi anbefaler spesielt Skåla (1848m) i Loen, med startpunkt ein halvtimes køyretur frå Bretunet.

Skålatårnet info.  

VIA FERRATA i LOEN

Det er også ei stor oppleving å gå «Viaferrata» i Loen.  Les meir om flotte tilbod for aktiv ferie

Loen Aktiv - Via Ferrata Info. 

HOVEN - LOEN SKYLIFT 

Heilt nytt tilbod som opnar i mai 2017. Ei spektakulær pendelbane som har sitt startpunkt like ved Alexandra i Loen, 25 minutt køyretur frå Bretunet. Ein kjem opp til 1000 m.o.h. Her er det resturant og flotte turløyper. 

Hoven Loen info.

Hotel Alexandra Loen info.